Lærling portør
HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Vestland, Norway
About The Role
Portørar transporterar pasientar, medisinar og utstyr. I tillegg handterar ein avfall og reine/skitne senger på sjukehus. Portørar er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og effektiv logistikk for heile sjukehuset. Som lærling får du eigen rettleiar/instruktør, og det er dermed tilrettelagt for individuell fagleg opplæring. Arbeidet kan være fysisk krevjande og innebærer mykje gåing.
Du må like å arbeide med menneske og være i generelt god fysisk form. Vi planlegg å tilsetje ein lærling i portørfaget med oppstart 01.10.2026. Læretida er to år.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål Turnus med arbeid kvar 3. helg Kvalifikasjonar Bestått VG1 – vidaregåande trinn 1 Bestått VG2 – vidaregåande trinn 2 Helse- og oppvekstfag: Ambulansefag - Helsearbeiderfag - Helseservicefag Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du kommuniserar og samarbeidar godt Du er imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer Du er punktleg og påliteleg Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Variert arbeid Fagleg og personleg oppfølging Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst Gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonLeif Henning Vonen, Seksjonsleiar, (+47) 918 52 530
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5170934511
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 01.10.2028
Søknadsfrist: 09.09.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Similar roles you might like
See all →This is an external listing. JobSpring does not represent or verify the employer. Report this listing
